Hjem > Forskeren forklarer > Erfaringskonsulentar med rusrøynsle

Erfaringskonsulentar med rusrøynsle

Korleis opplever erfaringskonsulentar med rusrøynsle sin arbeidssituasjon? Det er hovudspørsmålet i forskinga til Rita Agdal ved Høgskulen på Vestlandet. 42 erfaringskonsulentar har gitt sine svar.

Rita Agdal har forska på korleis erfaringskonsulentar med rusrøynsle opplever sin arbeidssituasjon. (Foto: Savas Boyraz)

Rita Agdal er leiar av prosjektet Integrering av erfaringskompetanse og for seksjon for samfunnsarbeid ved Høgskulen på Vestlandet. Saman med Kristina Bakke Åkerblom og Øystein Haakseth frå Høgskulen på Vestlandet, har ho laga rapporten “Integrering av erfaringskompetanse: Hvordan opplever erfaringskonsulenter med ruserfaring sin arbeidssituasjon?”. Rapporten kom i juni.

– Kva er innhaldet i prosjektet?

– Denne rapporten er den fyrste frå eit prosjekt som skal styrke integrering av erfaringskompetanse. Me skal finne ut meir om kva som fungerer godt, og kor skoen trykker for å sikre auka og god bruk av erfaringskompetanse. Det er ei nasjonal målsetting å betre tenester ved hjelp av likemannsarbeid. Talet på tilsette med eigenerfaring aukar, men berre 27 % av kommunane hadde tilsett erfaringskonsulentar i 2019. Her er det store skilnader mellom tenester og kommunar.

– Prosjektet skal gå i tre år til. I denne fyrste delen av prosjektet har fem intervjuarar tala med 42 erfaringstilsette med rusbakgrunn. I den neste fasen av prosjektet skal me no i haust intervjue fagtilsette som arbeider med erfaringskonsulenter. Me er òg i ferd med å kartlegge kva kurs som finst i ulike land for å førebu tilsette som skal samarbeide med erfaringstilsette. I tillegg skal stipendiat Kristina Åkerblom arbeide med tilhøve i tenestene som kan virke inn på moglegheiten for å få til endringar og innovasjon.

– Kva spørsmål stilte de for å finne ut av dette?

– I denne fyrste fasen har me spurt erfaringskonsulentar om korleis dei opplever sine moglegheiter til å bidra til endring av tenestene, og korleis dei opplever sin arbeidssituasjon. Me har spurt om både gode røynsler som andre kan lære av, og om det er noko som kan betrast for å ta i bruk erfaringskompetanse.

– Kva fann de?

– Vi kan dele funna i første del i tre områder:

For det fyrste fann me at alle dei 42 som vart intervjua opplevde å bidra til endringar på mange ulike felt. Dette stadfestar ei positiv utvikling der erfaringstilsette bidreg til meir recoveryorienterte tenester. Medan erfaringskonsulentar for få år sidan oftast arbeidde med aktivitetstilbod og miljøarbeid, bidreg dei i dag på mange felt med ulike oppgåver. For eksempel med å fylgje opp tenestebrukarar, behandling, sakshandsaming, undervising, rettleiing, forsking og systematisk fag- og tenesteutvikling.

Erfaringskonsulentar fortel at dei har fått til endringar i rutiner og retningslinjer, slik at tenestene har blitt meir fleksible og tilgjengelege. Dei har òg fått til endringar i enkeltsaker ved å vere talspersonar og brubyggjarar i møte med tenestebrukarar. Alle me tala med opplevde det som veldig meiningsfylt å kunne bidra til slike endringar.

– For det andre fant vi at det er store skilnader i korleis dei opplever rammene rundt arbeidssituasjonen. Dei fleste fortalde at dei ikkje hadde fått ein arbeidsinstruks, men sjølv hadde utforma si rolle. Det er ikkje så underleg, for mange hadde vore den fyrste erfaringskonsulenten på sin arbeidsplass. Det å utforme si eiga rolle kan vere krevjande, og mange hadde søkt støtte i andre erfaringskonsulentar. Denne støtta var viktig. Det var få som hadde fått strukturert rettleiing og støtte på arbeidsplassen. Det var eit sakn.

Ufrivillig deltid

Dei aller fleste hadde fyrst arbeidd frivillig, og så starta i deltidsstillingar som erfaringskonsulentar. Typisk trappa dei opp stillingsprosenten etter ei stund. Mange opplever likevel å arbeide ufrivillig deltid. Samstundes arbeider dei med same oppgåver på fritida som «frivillige». Nokre tenestestader hadde utvida stillingane og inkludert ein del av desse arbeidsoppgåvene i stillingane. Nokre erfaringskonsulentar fortalde at arbeidsplassen har lagt til rette for ein stor grad av fridom i arbeidssituasjon for å sikre fleksibilitet og tilgjengelegheit. Her er det store skilnader som me skal sjå nærare på.

– For det tredje fortalde alle me intervjua om vanskelege situasjoner i samarbeidet med andre kollegaer. Dette er omtala i studiar frå andre land som «mikroaggresjon», og ein del ser ut som «hersketeknikkar». Dei erfaringstilsette var opptekne av hendingar som hadde skjedd med andre, og viste stor forståing for at andre kollegaer hadde oppført seg dårleg. Fleire sa at dei blei motiverte av denne typen motstand fordi det gjorde at dei blei sikrare på at deira rolle var naudsynt. Erfaringskonsulentar yter en ekstra innsats for å bli sett som et positivt bidrag til tjenestene.

– Kvifor er dette viktige funn?

Dette er kun eit førebels resultat. I neste fase skal me intervjue fagtilsette for å få eit meir heilskapleg bilde. Me vil lyfte fram det som fungerer slik at andre kan lære av det. Dei involverte må sjå nærare på det som ikkje fungerer.

– Kva slags nye kunnskapshol har denne studien avdekka?

Dei ulike arbeidsvilkåra og det at mange opplever å arbeide ufrivillig deltid må me sjå meir på. Det at mange opplever negativ framferd frå kollegaer og mangel på rettleiing, må me undersøke nærare. Kanskje vil intervjua med fagtilsette gi meir informasjon om dette. Frå andre land veit me at det er skilnad mellom ulike sektorar, og det ser me tendensar til her òg.

– Korleis har de tatt vare på brukarinvolveringa gjennom forskingsprosessen?

Erfaringstilsette er med i prosjektet. Dei er med på utforming og i alle ledd av gjennomføringa av prosjektet. Medforskarane frå Albatrossen Ettervernsenter i Bergen har tatt kurs i samarbeidsbasert forsking ved Universitetet i Sørøst-Norge. Anne Eriksen Hammer som deltek i gruppa, publisera i vår ein eigen artikkel om rolla som erfaringskonsulent. Der spør ho om erfaringskonsulentar har vore alibi for endring i tenestene. Artikklen bør vere pensum i helseutdanningar.

Det som har kome fram i denne fyrste fasen har lagt grunnlag for den neste fasen der fagtilsette skal intervjuast. Då skal fagtilsette òg inn som medforskarar og delta i utforming av intervjuspørsmål. Det er ein kjerne i samfunnsarbeid å involvere dei det gjeld for å sikre utviklingsprosessar som gjer ein reell skilnad.

RAPPORT: Last ned rapporten (gratis) eller bestill trykt utgåve i Erfaringskompetanses nettbutikk!

KONTAKT (e-post): Rita Agdal

LES OGSÅ: Angrer på at hun har delt sin historie fra scenen

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.

Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler.

Vennlig hilsen redaksjonen.