Hjem > Nyheter > «Det er ikke mer synd på deg enn andre»

«Det er ikke mer synd på deg enn andre»

– Trass i at eg opplever at tittelen oser av moralisme, valte eg å lese boka og kjente igjen mange av problemstillingane som vart berørt. Kanskje dei er handsama litt for overflatisk, men eg synest temaet er relevant å sette på dagsorden, skriver Erfaringskompetanses seniorrådgiver Eva Svensen om boka til professor Ingvard Wilhelmsen.

I boka ” Det er ikke mer synd på deg enn andre” løfter Ingvard Wilhelmsen spørsmålet om det er for mye empati i behandlingsprosessen, og om behandlingsapparatet er med på å holde pasientene i en offerrolle.

I somar har eg lest boka ” Det er ikke mer synd på deg enn andre”. Boka er basert på dei erfaringane forfattaren har gjort i møte med sine pasienter. Primærfortellinga bygger på erfaringar frå møte med Berit på 30 år som fortel om ein vanskeleg oppvekst og som etterkvart får psykiske problem.

«Marinert i offerrolla»

Dei helsemessige og relasjonelle problema ho opplevte, forklarte ho med ting som hadde skjedd i fortida. Mykje av behandlinga ho fekk, var med på å oppretthalde eit bilete av seg sjølv som ein det er synd i. Ho beskriv seg sjølv som ei som etter kvart ”marinerte seg i offerrolla”. I offerrolla kjenner ein seg låst, det er ingenting ein kan gjere for å få til forandring og ein forventer at andre må ta ansvar.

Etter mange års gruppebehandling, men også noko individuell samtalebehandling, kom ho til Ingvar Wilhelmsen som er spesialist i indremedisin, fordøyingssjukdomar og psykiatri. Då han i samtale sa til henne ”Det er ikke mer synd på deg enn andre”, kjente ho seg utruleg krenka. Trass i dette, tok ho etter ei stund eit alvorleg oppgjer med sine eigne haldningar og atferd,- mellom anna offerrolla; ” Jeg har gått mye i terapi. Nå har jeg valgt å gå i meg selv”.

Nye måtar å reagere på

Forfattaren skriv at det er naudsynt å kunne vise empati samstundes som ein kan konfrontere vedkomande med den realiteten ein står i,- her og no. Kva slags val gjer du i kvardagen? Eit døme på dette er når Berit får spørsmålet om kvifor ho tek telefonen frå far når ho veit dette psyker henne ned og gjer livet til eit helvete? Boka formidler også at nettopp alle diagnosane Berit fekk og behandlinga ho fekk, var til ei viss grad med på å låse fast lidinga hennar og styrke dårlege atferdsmønstre. Utfordringa ligg i å finne balansen mellom å vise forståing, ha fokus på lidinga og det å hjelpe den andre til å finne nye måtar å reagere på.

Leger er oppdratt til å ta ansvar for den som er sjuk eller som har eit helseproblem. I pasientrolla vert ein invitert inn til å gi seg over til spesialistane sine råd og meiningar. Mellom anna bruken av medikamentell behandling og diagnosar, plasserer legen i ein assymmetrisk posisjon i høve pasienten. Kunnskapen og makta ligg hjå spesialisten.

Ansvar og frigjering

Trass i at eg opplever at tittelen oser av moralisme, valte eg å lese boka og kjente igjen mange av problemstillingane som vart berørt. Kanskje dei er handsama litt for overflatisk, men eg synest temaet er relevant å sette på dagsorden. Boka handlar mellom anna om og stiller eit provoserande spørsmål: Kan det bli for mykje empati i behandlingsprosessen? Er behandlingsapparatet med på å halde pasientane i ei offerrolle?

Forfattaren kjem inn på mange ulike tema som helseangst, oppmerksamt nærver, skyld og skam, personlegdomsforstyrringar, enegram, bipolar liding, mobbing og sjølbilete/sjølkjensle/sjøltillit.

Det boka ikkje problematiserer, er korleis ein kan endre haldningane både hjå lege og pasient, slik at pasienten får hjelp til å ta ansvaret for livet sitt. Og slik at legen tek ansvaret for å tilby tenester, presentere alternativ og gjere mogleg for pasienten å velge. Dette forutset at behandlaren har tid og metodar i bevisstgjeringsprosessar og informerer pasienten om status slik den andre ser det.

Empati må alltid vere tilstades

Behandlaren må kunne vite når relasjonen mellom hjelpar og hjelpemottakar er dominert av at ein er avhengige av kvarandre, uavhengige eller gjensidig avhengige og at bruken av konfrontasjon må bli forskjellig alt etter kva relasjonen er prega av. Då blir ikkje konfrontasjon ein motsats til empati. Empati må alltid vere tilstades dersom ein skal kunne vere til hjelp for eit anna menneske.

Boka er verdt å lese.

Biblioteket ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse har bøker der både brukarar og fagfolk deler sine erfaringar frå møter mellom mennesker  innan psykisk helsefeltet.

Denne boka får lånt den på Erfaringskompetanse sitt bibliotek, www.erfaringskompetanse.no og er gitt ut på Hertervig Forlag.

Eva Svendsen, seniorrådgiver

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.

Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler.

Vennlig hilsen redaksjonen.