Hjem > Nyheter > Mindfulness og medfølelse

Mindfulness og medfølelse

I løpet av dei siste åra har det kome utallege sjølhjelpsbøker om trening i oppmerksomt nærvær. Likevel er dette ei unik bok fordi den er grundig forankra i den erfaringskompetansen som begge forfatterane deler raust frå.

Mindfulness og medfølelse. En vei til vekst etter traumer er den fyrste norske boka som tilbyd ei traumesensitiv tilnærming til trening av merksamt nærvære, og til medkjensle vend mot eigne kjensler og reaksjonar. (FOTO: Birgitte Finne Høifødt)

Av Eva Svendsen, seniorrådgiver ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse

I løpet av dei siste åra har det kome utallege sjølhjelpsbøker om trening i oppmerksomt nærvær. Likevel er dette ei unik bok fordi den er grundig forankra i den erfaringskompetansen som begge forfatterane deler raust frå.

Begge har praktisert oppmerksomt nærver og meditasjon i mange år og har i tillegg solid erfaring som terapeutar. Boka har fokus på trening i mindfulness og medkjensle for dei som har traumeerfaringar eller slit med alvorlege stressplager og overbelastningar. Boka retter seg også til dei som ynskjer å bruke denne tilnærminga i behandling.

Den er lagt opp som eit kurs på 15 sesjonar, der det vert tilrådd å fylgje progresjonen i treninga. Kurset kan fylgjast individuelt eller brukast i grupper. Boka er skriven i eit enkelt og lett tilgjengeleg språk.

For mange av oss som har traumeerfaringar, kan det å sitte stille over litt tid, skape indre uro, ubehag og rastløyse. Kroppen er i beredskap og har vanskar med å slappe av. Sjølvkritiske røyster og kjensle av ikkje å vere god nok, ikkje strekke til eller skuld og skamkjensler kan gjere det vanskeleg å finne den roa ein lengter etter.  I boka får vi grundig forklaring på kvifor det er slik og kva som kan vere nyttig for å få større medkjensle med seg sjølv.

Boka starter med ein teoridel der vi får kunnskap om korleis overlevelseforsvaret vårt fungere, kva traumatiske hendingar gjer med hjerne og kroppens responsa, kva slags seinveknader som er vanlege, og kva slags grunnleggande prinsipp for behandling som kan vere nyttige. Deretter kjem forfattarane innpå kva mindfulness eigentleg kan gjere med vår haldning til oss sjølve, og kva som må til for å auke det dei kallar toleransevindauget.

Kvar sesjon startar med landingsøving for å kome til stades her og no. Deretter formidlast relevant kunnskap og øvingar som understøtter tema for sesjonen. At forfattarane avslutter kva sesjon med vanlege  hindringar som lesarane kan møte, viser at dette er basert på erfaringskompetanse . Alle øvingane kan ein laste ned som lydfiler.

Etter mi meining viser forfattarane stor respekt  for kor vanskeleg det  kan vere for mange å finne indre ro og få medkjensle med seg sjølv. Samstundes gir dei gjennom denne boka håp om at dette er mogleg, også for dei som slit mest.

Tittelen «Mindfulness og medfølelse, En vei til vekst etter traumer» viser ei tilnærming til menneskelge livsutfordringar som opnar for nye moglegheiter i forståing og behandlinga av desse tilstandene.

Ønsker du å låne boken fra oss, så send oss en mail på bibliotek@erfaringskompetanse.no Alle som vil låner gratis fra oss.

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.

Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler.

Vennlig hilsen redaksjonen.